Rogaland, Bygningsingeniør

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Byggjeleiarar Sandsfjord bru og Rassikring Lovraeidet

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 5000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

******
Byggjeleiarar Sandsfjord bru og Rassikring Lovraeidet


I Statens vegvesen Region vest er det ledige stillingar som byggjeleiarar ved prosjekta Sandsfjord bru og Rassikring Lovraeidet i Suldal kommune.

Stillingane er knytt til Byggherrepoolen i Region vest, for tida ved fylkesavdeling Rogaland, Vegseksjonen i Haugesund.

Sandsfjord bru og Rassikring Lovraeidet omfattar bygging av veg, tunnel og fritt-fram bru med ei samla lengde på 8,8 km. Desse prosjekta vil gi ferjefritt samband over Sandsfjorden og sikre ein rasfarleg strekning ved  Lovraeidet. Prosjekta ligg  i Suldal kommune i Rogaland.

Sandsfjord bru prosjektet
Sandsfjordbrua blir 580 m lang, med hovudspenn på 290 m og seglingshøgde på 65m. Brua skal kryssa Sandsfjorden ved Åsarødholmen. Vegen på vestsida er 2775 m lang. Denne strekninga omfattar to tunnelar som er 375 og 360 m lange. Vegen på Austsida er 2090 m lang. Denne strekninga omfattar tre tunnelar som er 190, 155 og 320 m lange. I tillegg kjem sidevegar og avkjørsler. Anleggsarbeida på prosjektet skal startast opp våren 2012, og verta fullført i 2014. Prosjektet har ei kostnadsramme på 492 mill. kr.

Rassikring Lovraeidet
Total veglengde er 3150 m. Strekninga omfattar ein tunnel som er 950 m lang. I tillegg kjem sidevegar og avkjørsler. Anleggsarbeida på prosjektet skal startast opp våren 2011, og verta fullført i 2012. Prosjektet har ei kostnadsramme på 113 mill. kr. Før anleggsarbeidet kjem i gang vil kontorstad bli i Haugesund. I anleggsperioden vil kontorstad bli anleggskontor i Suldal i tilknyting til prosjekta.

Arbeidsoppgåver:

  • Byggjeleiar på bru: Hovudoppgåva vil vera å bidra med praktisk erfaring i prosjekteringsfasen, og oppfølging av bruarbeidet i byggeperioden, drive Hms-arbeid og utføre kvalitets- og kostnadskontroll.
  • Byggjeleiar på veg/tunnel: Hovudoppgåva vil vera oppfølging av veg- og tunnelarbeida, drive Hms-arbeid og utføre kvalitets- og kostnadskontroll.

Kvalifikasjonskrav
Minimum 3 år utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande kvalifikasjonar. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. For byggjeleiar på bru er det krav til praksis frå tilsvarande brutype. For begge stillingane er det krav om førarkort klasse B.

Det vil bli lagt vekt på:

  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp- og kontrahering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Tverrfagleg røynsle og gode samarbeidsevner
  • Evne og interesse for lag-arbeid, og å oppnå gode resultat saman med andre
  • At du er aktiv med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø internt og mot entreprenørar

Statens vegvesen tilbyr:
Stillingane vert løna etter nærare avtale i høve til etatens lønspolitikk, avhengig av utdanning og tidligare praksis. Det vert trekt 2 % til Statens pensjonskasse. Vi tilbyr gode velferdsordningar og moglegheiter for kompetanseutvikling. Fleksibel arbeidstid.

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få hos  seksjonsleiar Ann Mari Sandvin Hardeland, tlf****** /mobil: ******eller hjå prosjektleiar Knut Utaaker på telefon****** / ******.

Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttera personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert difor oppmoda til å søkje stillingane, samt personar med redusert funksjonsevne

Du er velkomen til å søkja stillingane via vår jobbportal: www.vegvesen/jobb,  utlysningsnr. ******.

Søknadsfrist:
21.02.2011

Skriv ut

Bedrift

Statens vegvesen
Statens vegvesen har ansvaret for planlegging, bygging, drift og vedlikehold av riks- og fylkesveger og tilhørende... Mer om Statens vegvesen

Sted

Stillingsprosent

- Heltid

ID

153753

Utdanningsnivå

Universitet/høyskole