Prosjekteringsleiar E39 Eiganestunnelen / rv.13 Ryfast

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Prosjekteringsleiar E39 Eiganestunnelen / rv.13 Ryfast

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram.  Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.  Vi er ein stor samfunnsaktør med over 5000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet
og fem regionar.

 
                 Prosjekteringsleiar E39 Eiganestunnelen / rv.13 Ryfast

Beskrivelse
E-39 Eiganestunnelen og rv.13 Ryfast omfattar utbygging av blant anna tre tunnelar i Stavanger-regionen. Eiganestunnelen omfattar ein 3,7 km lang to-løps tunnel i Stavanger med dagsoner på til saman ca 1000 m i begge endar av tunnelen. Tunnelen og dagsonane går i byområder der det må takast mykje omsyn til naboar til anlegget.

Hundvågtunnelen er 5,7 km lang og går frå Hundvåg til kryss i fjell med E-39 Eiganestunnelen i Stavanger. Solbakktunnelen går frå Solbakk i Strand kommune til Hundvåg og er 14,1 km lang. Begge tunnelane er undersjøiske. Prosjektet omfattar også store dagsoneanlegg på Solbakk, Hundvåg N og Buøy. Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen utgjer hovuddelen av Ryfylkes fastlandsforbindelse (rv.13 - Ryfast)

Det er godkjende reguleringsplanar for alle deler av anlegget. Prosjekta er delvis bompengefinansiert og er avhengig av Stortingets godkjenning før dei kan starte opp. Etter planen skal bygginga starta i slutten av 2012 eller i byrjinga av 2013. Prosjekta har ei samla kostnadsramme på 6,8 mrd. kr. Byggeperiode vil vare i totalt 5,5 år.
I løpet av hausten 2010 skal det startast opp detaljprosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag for prosjekta. Til å leie dette arbeidet ynskjer vi å tilsetje ein prosjekteringsleiar.

Stillinga vil vere fast tilknytt prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest. I prosjektperioden vil stillinga vere knytt til prosjektorganisasjonen for prosjekta.
I byrjinga vil kontorstad vere Stavanger. I anleggsperioden vil prosjekteringsleiaren bli stasjonert på prosjektkontoret ute på anlegget.

Arbeidsoppgåvene:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til følgjande område:
Gjennomføring av anskaffelsesprosessar for prosjekteringsoppdrag
Styring av prosjekteringsoppdrag
Fagleg koordinering av ymse fagfelt
Ansvar for oppdatering av tegningsgrunnlag for prosjekta i løpet av heile prosjektperioden
Intern fagleg bistand

Kvalifikasjonskrav:
Eksamen frå universitet eller høgskule innan veg-/ arealplanlegging eller tilsvarande
Erfaring som prosjekteringsleiar/ planleggingsleiar
Erfaring frå planlegging av vegar og tunnelar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
Gode samarbeidsevner og stå på vilje.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Kontaktperson:
Prosjektleiar Tor Geir Espedal,  ******  tlf . ******

Vi kan tilby:
Løn etter avtale, jamfør etatens lønspolitikk. Frå løna blir det trekt 2% til Statens Pensjonskasse
Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
Utfordrande oppgåver i eit stort prosjekt
Godt arbeidsmiljø
Etaten har eigne bedriftshytter
Fleksitid
Pensjonsordning

Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Interesserte søkjarar søkjer via vår jobbportal:
www.vegvesen.no/jobb Utlysingsnr******

Kort om stillingen
Statens vegvesen Region vest
Sted Askedalen 4
4023 Stavanger

Tittel Prosjekteringsleiar E39 Eiganestunnelen / rv.13 Ryfast
Omfang Heltid
Varighet Fast
Frist 15. september

Spørsmål om stillingen
Tor Geir Espedal
Mobil +****** Ønsker kun kontakt med søkere til stillingen

                                      Oppgi i søknaden at du har søkt stillingen via www.teknologijobb.no.
                                                           Søk på stillingen

Skriv ut

Bedrift

Statens vegvesen
Statens vegvesen har ansvaret for planlegging, bygging, drift og vedlikehold av riks- og fylkesveger og tilhørende... Mer om Statens vegvesen

ID

101214

Relaterte annonser