Hordaland, Konstruktør
Prosjekteringsleiar(ar)
Hordaland – eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion
Med Bybanen vil Bergen få eit kollektivt transportmiddel på skinner til Flesland, Åsane og Bergen vest. Bybanen frå Bergen sentrum til Bergen lufthamn, Flesland, er planlagt i tre byggesteg. Det første frå sentrum til Nesttun blei opna 22. juni 2010, det andre frå Nesttun til Rådal/Lagunen Storsenter er under bygging og er planlagt opna i 2013, og det tredje frå Lagunen til fl yplassen er under regulering og prosjektering. Bybanen Utbygging har ansvar for erverv, design, prosjektering og utbygging av infrastrukturen for Bybanen.
Prosjekteringsleiar(ar)
grunn / konstruksjonar / baneteknikk
Bybanen Utbygging sin prosjekteringsavdeling har ansvar for prosjektering av alle kommande byggesteg for Bybanen, samt følgje opp dei behov for prosjekteringsavklaringar den pågåande utbygging har behov for. Kvar prosjekteringsleiar har ansvar for sitt fagfelt, og vil kunne få ansvar for kontraktar med leverandørar i forhold til prosjektering. Stillinga rapporterer til prosjekteringssjef.
Søkjarar til stillinga(ne) må ha utdanning som sivilingeniør eller tilsvarande, eventuelt ingeniørnivå, og må kunne vise til 5-10 års relevant erfaring som prosjektleiar for kompliserte byggeprosjekt.
Prosjekteringsmedarbeidar(ar)
grunn / konstruksjonar / baneteknikk
Til oppfølging av pågåande bygging, og bistand i forhold til prosjektering av kommande byggsteg, ynskjer
Bybanen Utbygging å tilsette også personell med noko kortare erfaring. Stillingane vil også her innebere
ansvar for spesielle fagområder under prosjektering, men vil gis noko mindre ansvar. Stillingane vil gi god
erfaring, og vil gi moglegheiter for fagleg utvikling og økt ansvar etter kvart. Stillingane vil rapportere til
prosjekteringssjef, eller eventuelt fagleg til prosjekteringsleiar.
Søkjarar til stillinga(ne) må ha utdanning som sivilingeniør eller tilsvarande innan antyda fagfelt, eventuelt ingeniørnivå med litt lenger erfaring, og bør helst kunne vise til relevant erfaring frå prosjektering eller bygging av tilsvarande kompliserte byggeprosjekt. Nyutdanna med spesielt relevant utdanning for Bybanen, kan også søkje.
For begge stillingstypane gjeld at det endelege fagfelt og arbeidsområde først kan avtalast når en kjenner
kompetansen på den tilsette fullt ut.
Kontakt prosjekteringssjef Ivar Øvretvedt tlf. ******, eller prosjekteringsleiar Rune Angeltveit tlf******, for meir opplysningar.
Vi oppfordrar spesielt kvinner om å søkje.
Stillingane inneber fast tilsetting i Hordaland fylkeskommune, og løn etter avtale. Ønskjer du å arbeide i eit spanande, utfordrande og godt arbeidsmiljø, med det viktigaste samferdsleprosjektet i Bergen, så heng deg på no!
Søknadsfrist 10. oktober 2011
For å søkje stillinga gå til www.hordaland.no/jobb
Henvis til teknologijobb.no i din søknad!



