Seksjonssjef (arkivleiar)

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Seksjonssjef (arkivleiar)

Justisdepartementet - Plan- og administrasjonsavdelinga, Dokumentasjonssenteret.

Seksjonssjefen er leiar av departementet sitt dokumentasjonssenter som har 17 medarbeidarar. Eininga er ansvarleg for departementet sitt arkiv, medrekna dokumentasjon omfatta av reglane i lova om arkiv og lova om sikkerheit, arkivfagleg rådgjevning i justissektoren, samt ansvaret for oppfølging og vidareutvikling av elektronisk saksbehandling, dokumentflyt og arkiv.

Arkivfunksjonen er sentralisert og departementet nyttar DocuLive som saks- og arkivsystem. Ved overgangen til 2010 innførde Justisdepartementet fullelektronisk saksbehandling og arkiv. Det er vedteke at departementet skal delta i Depsak II-prosjektet og innføre Acos WebSak Fokus som nytt saks- og arkivsystem frå 2012. Seksjonssjefen har ansvaret for å leie og vidareutvikle eit moderne dokumentasjonssenter for Justisdepartementet. Utfordringar knytte til endra kompetansekrav hos medarbeidarane, utfasing av DocuLive og innføring av Depsak II, vil vere viktige arbeidsområde dei nærmaste åra.

Seksjonssjefen må ha høgare utdanning, god kompetanse innanfor arkiv og elektronisk dokumenthandtering, god kjennskap til offentleg forvaltning og godt IKT forståing med særleg vekt på samhandling mellom IT-system og arkiv Stillinga krev evne til å setje brukaren i fokus og til å byggje laget. Vi legg derfor vekt på leiareigenskapar, serviceinnstilling, og evne til gjennomføring, samarbeid, kommunikasjon og motivasjon.

Stillinga krev også at den som blir ansett, kan sikkerheitsklareres. Vi tilbyr spennande utfordringar, god mogligheit for utvikling, pensjonsordning, fleksitidsordning og trivelege lokale. Justisdepartementet er ei IA-bedrift.

Lønnsspenn******

Søknaden sendast elektronisk via JD sin jobbportal: jobb.dep.no/jd Attester og vitnemål som ikkje kan sendast elektronisk, merkes 2010/09037 og sendast Justisdepartementet, Plan- og administrasjonsavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dokumenta vil ikkje bli returnerte.

Søknadsfrist: 7. september.

www.jobb.dep.no/jd

Firma
Departementene
0051 OSLO

Kontakt
Ekspedisjonssjef Karin M. Bugge
******

Avdelingsdirektør Aase Skjebstad
******

Omfang
Heltid

Varighet

Fast

Søknadsfrist
14.09.2010

                                        Oppgi i søknaden at du har søkt stillingen via www.teknologijobb.no.
                                                            Søk på stillingen

Skriv ut

Bedrift

ID

101197

Relaterte annonser