Vil du leie planlegginga av sykkelstamvegen på Nord-Jæren?
Vil du leie planlegginga av sykkelstamvegen på Nord-Jæren?
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 5000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet
og fem regionar.
Vil du leie planlegginga av sykkelstamvegen på Nord-Jæren?
Statens vegvesen Region vest treng prosjektleiar for planlegginga av sykkelstamvegen
Stavanger – Forus - Sandnes.
Nord-Jæren er ein ekspansiv region med stor vekst. Ekspansjonen medfører kraftig vekst i transportbehovet, og trykket på eksisterande infrastruktur aukar. For å auke bruk av sykkel, har vi starta planlegging av eit høgverdig sykkeltilbod langs E 39 mellom Stavanger og Sandnes.
Prosjektet er eit pilotprosjekt der det vil verta lagd stor vekt på attraktiviteten for syklistane.
God breidde, gode stigningsforhold, planskilte kryssingar og fråver av gåande er viktige element.
Stillingen er tillagd Plan- og forvaltningsseksjonen i Stavanger. Planarbeidet skjer i nært samarbeid med sykkelbyane Stavanger og Sandnes samt Rogaland fylkeskommune.
Seksjonen har 20 tilsette og har mellom anna planansvar for vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, trafikkstyringstiltak, kollektivtiltak og miljøtiltak, uttale til kommunale arealplanar, effektivisering av vegnettet samt ulike forvaltningsoppgåver.
Den som vert tilsett vil i tillegg få andre oppgåver innan seksjonens ansvarsområde, avhengig av kompetanse og interesser. Når planlegginga av sykkelstamvegen er fullførd vil prosjektleiaren bli tillagd andre planoppgåver.
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år innan relevant fagkrins. Stillingen vil medføra utstrekt ekstern kontakt, både mot offentlege etatar, konsulentar og media, gode kommunikasjonsevner er derfor vesentleg. Den som vert tilsett må kunna ordleggja seg godt skriftleg og munnleg på norsk. Erfaring med prosjektleiing, planprosessar og sykkelplanlegging vert vektlagt. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Vi kan tilby:
Løn etter avtale. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse. Eit aktivt bedriftsidrettslag, fleksibel arbeidstid, bedriftshytter med mer.
Etaten ønskjer likestilling. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn samt personar med redusert funksjonsevne vert oppfordra til å søkje stillinga.
Søknad sender du via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb Utlysingsnr******.
Fylke:
Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13. september
Arbeidsstad:
Stavanger
Kontaktpersonar:
Eddie Westad tlf: +******mob: +******
Lisa Garpe mob: +******
Heimeside:
www.vegvesen.no
Oppgi i søknaden at du har søkt stillingen via www.teknologijobb.no.
Søk på stillingen
Bedrift
ID
101201
Relaterte annonser
- Norsk talende Help desk Coordinator
Diakrit (Thailand) Co., Ltd. - Thailand - 2012-02-06 - Dyktig og erfaren bilmekaniker søkes
Rett Bemanning - Sarpsborg - 2012-02-06 - Har du gått av med pensjon eller har tid til overs?
Rett Bemanning - Sarpsborg - 2012-02-06 - Ingenjörsgeolog
Staff Up - - 2012-02-06 - Vill Du driva StaffUp i Sverige?
Staff Up - , Flere regioner - 2012-02-06



